Hopp til innhold
ons 37 Slip farge Shake Xue Loafers Høst Fitness Og Kjøre Sko C Våren Størrelse C Kvinners Atletisk Joggesko Risting Flate Plattform Skinn nTqwxRT80 ons 37 Slip farge Shake Xue Loafers Høst Fitness Og Kjøre Sko C Våren Størrelse C Kvinners Atletisk Joggesko Risting Flate Plattform Skinn nTqwxRT80 ons 37 Slip farge Shake Xue Loafers Høst Fitness Og Kjøre Sko C Våren Størrelse C Kvinners Atletisk Joggesko Risting Flate Plattform Skinn nTqwxRT80
X
Idealisme (frå gresk, jamfør idé) .
I filosofisk forstand har ordet, som idé, vore brukt om ei rekkje til dels motstridande teoriar og lærer. Idealismen til Platon såg på den eigentlege røynda som åndeleg, som eit uttrykk for idear ( metafysisk idealisme i motsetnad til materialisme). Den erkjenningsteoretiske idealismen representert ved til dømes Berkeley, påstår at dei ytre tinga ikkje er objektivt verkelege, men berre førestellingar (idear) hos tilskodaren (motsett av realisme).
Meir i slekt med den folkelege tydinga av ordet er den etiske idealismen som går ut på at høge moralverdiar, ikkje egoistiske ønske, bør vere drivkraft og rettesnor for handlingane til menneska (Det motsette av egoisme og hedonisme.). 
I kunsten er idealisme ei retning innan litteratur og biletkunst som tek sikte på å framstille røynda betre og venare enn ho eigentleg er, i motsetnad til naturalisme og realisme. 
I daglegtalen vert idealisme nytta om usjølvisk å vie seg til beste for ei sak, om eit strev etter å følgje edle førebilete og setje seg høgverdige mål. Tilsvarande adjektiv er idealistisk. Ein person med idealistisk haldning eller livssyn vert kalla idealist.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012